Tyin IL vil arbeide med lokale aktører og skal vera ein pådriver for å få til fysisk aktivitet gjennom tilbod og tilrettelegging av områder på Tyin og Filefjell som innbyr til dette.
Det skal vera tilbod og enkel organisering av aktivitetar uansett årstid. Tilrettelegging for at folk kan samlast for felles aktivitetar gjennom heile året. Dette for å bli betre kjent, gjera noko felles med eit felles mål.
Eksempel på moglege aktivitetar:
- Arrangere faste økter i lysløypa
- Samarbeid med alpingruppen i Vang med å utvikla aktivitet/ trening ved TFU sine skiheiser
- Sykkel på Filefjell – Helgaturen
- Pumptrack
- Skøytekurs på ski
- Kveldskjøring i heisen
- Aking
Arrangement | Når og hvor |
Tyin IL er tett knytta til Tyinkrysset Utvikling som arbeidar med lavterskeltilbud i og rundt Tyinkrysset. Her vil idrettslaget bli ein sentral aktør for å få dette på plass.